Om meg
tirsdag 25. november 2008
Haugtussa
Oppgåve 1. Om vi kan ha noko nytte av diktsyklusen veit eg ikkje. Det kan tenkjast at vi får eit innblikk i korleis tankegangen og fantasien var. Kva menneska da trudde på, var redde for etc. Dikta er musikalsk skreve og alle vers kan bli syngje. Eg trur mange kan få ein eller anna form for glede av å høyre eller lese Haugtussa. Det er ein fin og gripande diktsyklus og eg fekk ein ro inni meg, og forsvann inn i drøymeland. Eg så for meg det norske landskapet som vi ser på dei nasjonalromantiske måleria vi har av Noregs landskap. Musikken var litt trolsk med mystikk i seg, og er eigentleg typisk norsk. Før var det normalt å tru på troll og draug budde i skogen, men i dag er vi såpass opplyst at vi veit at slike ting ikkje eksisterer. Kanskje vi menneska saknar å ha litt mystikk rundt oss? At vi ikkje vil vite alt, men undre og lure?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar